Vill walisisk jubel – enda med stortap

Les hele artikkelen

Frankrike var enorme favorittar mot Wales i gruppespelet i EM. Dei innfridde til slutt ved å vinne 4-1, men Wales klarte å sjokkere.
Etter rundt 13 minuttar spelt utlikna Jessica Anne Fishlock for Wales. Det såg ut til at dei hadde vunne EM, da dei feira hemningslaust. Det er det første målet Wales har scora i eit meisterskap nokosinne.
Dei heldt unna ganske lenge, men like før pause sende Kadidiatou Diani Frankrike tilbake i leiinga med ein straffescoring.
Andre omgang var prega av keepertabbar. Safia Middleton-Patel rota først med ballen i beina, deretter bomma ho på ballen etter eit innlegg.
Frankrike vann kampen 4–1. Etter to kampar har dei full pott, medan England og Nederland har tre poeng. Wales har null poeng før siste gruppespelkamp.