Covid-varianten som laurdag sette 13 spelarar i den portugisiske klubben Belenenses ut av laget, ser ut til å vere den nye varienten omikron, melder det portugisiske helsedirektoratet.
Dersom det blir stadfesta, er det dei første tilfella av omikron som er registrert i landet.
Ein av Belenenses-spelarane kom nyleg tilbake frå Sør-Afrika.
Smitten førte til at berre ni spelarar, inkludert to målvakter, møtte til ligakampen mot Benfica. Etter pause kom sju av dei på bana, og like etter fekk dei ein spelar skadd.
Reglane krev minst sju spelarar på bana, derfor blei kampen avbroten. Då leia Benfica 7-0.
Etter at omicron-mistanken dukka opp og blei styrka, er 44 spelarar og leiarar i klubben i isolasjon.