– Omicron-viruset kan vere årsaka

Les hele artikkelen

Covid-varianten som laurdag sette 13 spelarar i den portugisiske klubben Belenenses ut av laget, ser ut til å vere den nye varienten omicron, melder det portugisiske helsedirektoratet.
Dersom det blir stadfesta, er det dei første tilfella av omicron som er registrert i landet.
Ein av Belenenses-spelarane kom nyleg tilbake frå Sør-Afrika.
Smitten førte til at berre ni spelarar, inkludert to målvakter, møtte til ligakampen mot Benfica. Etter pause kom sju av dei på bana, og like etter fekk dei ein spelar skadd.
Reglane krev minst sju spelarar på bana, derfor blei kampen avbroten. Då leia Benfica 7-0.