Ingen skiflyging for Riiber

Les hele artikkelen

Jarl Magnus Riiber og resten av kombinertherrane får ikkje lov og fly på ski neste sesong. FIS har ikkje klart å finne ein vertsnasjon til å ta på seg skiflygingskonkurransen.
Det stadfestar Edgar Fossheim, som er Noreg sin representant for kombinert, på Det internasjonale ski- og snowboardforbundets (FIS) kalenderkonferanse i Dubrovnik.
Jarl Magnus Riiber seier til NRK at han er skuffa, men ikkje overraska over resultatet.
– Eg trur skiflyging hadde vore bra. Vi treng sårt nokon småting som kan sprite opp. Det hadde hjelpt for å setje oss litt meir på kartet.
I staden blir det innført eit nytt konsept som har fått namnet «individuell kompakt». Her er avstanden løparane går ut med i langrennet avgjort på førehand.
Vinn du hopprennet startar du uansett seks sekund føre nummer to, tolv sekund føre nummer tre og så vidare. Alle løparar i feltet går ut innanfor 1,5 minutt.
Riiber har tidlegare vore kritisk til det nye konseptet, som han meiner vil gjere hoppdelen i kombinert mindre viktig.
Forslaget om å auke langrennsdistansen frå 5 og 10 kilometer til 7,5 og 12,5 vart nedstemt.