Kven skal passe på tyskarane no?

I Tyskland leiter dei etter ein trygg politikar som kan lede landet i ei tid der krisene og utfordringane står i kø. Berre nokre månadar etter flaumkatastrofen vest i landet er det val på ny nasjonalforsamling. Kvinna, som har vore ei stabiliserande kraft for både Europa og verda, går av etter 16 år ved makta.