Hei!
Eg har ein berbar og ein stasjonær PC med Office 2016 på båe to. Eg brukar Outlook som E-postprogram. Eg har to E-postkontoar privat og ein på jobb som eg ynskjer å ha tilgang til på båe PC-ane etter behov. Eg ynskjer at all E-post skal liggje lagra lokalt på båe PC-ane og vere tilgjengeleg utan Internett-tilkopling.
Per i dag så løyser eg dette med å laste ned all E-post via POP3 og så synkronisere dei to PC-ane med hjelp av programmet SimpleSYN. Dette er ei løysing som fram til no har gjeve meg det aller meste eg ynskjer på ein grei måte, men det har likevel blitt litt problematisk å gjere det på denne måten etter kvart.
Eg opplever at SimpleSYN vert noko ustabilt i periodar, slik at eg ikkje alltid får synkronisert E-posten min skikkeleg. I tillegg så begynner nok .PST-filene mine å verte litt store, for eg ser at eg med jamne mellomrom (nokre gonger i året) må reparere dei for å få synkroniseringa til å fungere.
I tillegg så er denne løysinga avhengig av at båe PC-ane står på samtidig. Ideelt sett ville eg hatt ei skyløysing mellom dei, både som ekstra sikkerheitskopiering og for å vere sikker på at eg alltid får synkronisert E-posten min sjølv om ikkje båe PC-ane er på samstundes.
Eg har vurdert å bruke IMAP i staden for POP3, men då vil eg vel verte avhengig av å vere på nett for å få lese E-post, samt at eg vel ikkje vil kunne lagre meir E-post enn det E-posttenarane tillet? Spesielt i jobbsamanheng er eg avhengig av å kunne lagre store mengder med E-post for å kunne hente opp att informasjon frå tidlegare.
Er det nokon som har nokon glupe idear her? Sjølv om eg helst vil bruke Outlook (sidan eg har alt av kalender og hugselister innpå der) så er eg open for å sjå på andre E-postprogram viss desse kan løyse utfordringa mi og har tilsvarande funksjonar som Outlook.