Zverev kasta ut av turnering

Les hele artikkelen

Det tyske tennisesset Alexander Zverev får ikkje spele meir i ATP-turneringa i mexicanske Acapulco etter å ha knust racketen mot dommarstolen.
OL-vinnaren slo racketen sin fleire gonger i stolen der dommaren framleis sat under ein doublekamp. Episoden skjedde etter at han og makkeren Marcelo Melo hadde tapt for briten Lloyd Glasspool og finnen Harri Heliovaara.
Zverev hadde tidlegare i kampen reagert negativt på ein dommaravgjerd. Leiinga i ATP-touren reagerte umiddelbart og utestengde 24-åringen for resten av turneringa for usportsleg framferd.
Zverev vant turneringa i fjor og hadde tatt seg vidare frå 1. runde i single etter å ha slått amerikanske Jenson Brooksby. Ein kamp som blei avgjort 04.55 på natta lokal tid.
Den tyske stjerna skulle møtt landsmannen Peter Gojowczyk i 2. runde.
Også i Grand Slam-turneringa Australian Open i januar viste tyskaren sin misnøye etter å ha tapt ein kamp. Da smadra han racketen sin i bakken.