Mats Zuccarello varta opp med både scoring og målgjevande for Minnesota Wild i bortemøtet med Nashville Predators i natt, men kunne ikkje hindre 2-6-tap.
Zuccarello scora Wilds første mål og utlikna til 1–1 i første periode.
I andre periode assisterte han Kirill Kaprizov som reduserte til 2–4.
Zuccarello fekk 22.22 minutt på isen.
Med scoring og målgjevande i natt har han 71 målpoeng denne sesongen. Det er 34-åringens beste poengfangst som NHL-spelar.
Totalt er han oppe på 498 målpoeng i NHL-karrieren i grunnserien, og nærmar seg raskt milepælen på 500. Det etter 679 kampar.