Lewandowski og Polen på heimebane viste seg å bli ein vanskeleg nøtt å knekke for Sverige, som måtte vinne for å sikre seg billett til VM i Qatar.
Slik blei det ikkje. Marerittet starta like etter halvvegs spelt omgang, då Jesper Karlström felte Krychowiak i sekstenmeteren, og dommaren peikte på straffemerket.
Robert Lewandowski var sikker som berre det, og Polen forserte vidare. Snautt 15 minutt seinare er det Piotr Zielinski som hamra ballen i mål aleine mot keeper Olsen, og nederlaget var reelt.
Sverige sitt siste håp hang hjå Zlatan Ibrahimovic, som kom inn snautt ti minuttar før slutt, men sjølv han kunne ikkje redde Sverige si jakt på VM-spel. Dermed får han etter alle solemerker ikkje eit siste VM på sin CV.
– Får vi sjå deg i landslagsdrakt igjen? Spør C More sin reportar.
– Det håpar eg. Så lenge eg kan halde meg frisk og framleis vere med og bidra, seier Ibrahimovic.
Når reportaren spør om framtida på landslaget er usikker, svarer han dette:
– Det er ingenting ein svarer på no.
Han meiner det like så godt kunne enda med siger for Sverige sin del, om dei hadde hatt marginane på si side.
– Det var ein jamn kamp. No er det klart at alle er skuffa og deppa, men det er normalt når ein taper. Alle vil spele VM og oppleve eit VM, men no det blir ikkje slik, seier han vidare.