Williams: – Har ikkje lagt opp

Les hele artikkelen

– Eg har ikkje lagt opp enno, sa Serena Williams (41) til pressa i San Fransisco i natt.
Tennisstjerna med 23 grand slam-titlar antyda sterkt etter US Open i september at det var hennar siste turnering. No seier ho at det er store sjansar for at ho returnerer til tennisbana, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Serena Williams tok verda med storm tidleg i tenåra, og er av mange rekna som den største tennisspelaren i historia.
Å ikkje førebu seg til ei turnering etter US Open kjende ho unaturleg.
– Eg har eigentleg aldri tenkt reelt at eg skal slutte. Eg vakna her om dagen og innsåg at eg ikkje spelar i nokon konkurranse. Det kjendest heilt feil, sa Williams.
– Det var første dagen i resten av livet mitt, og eg likar det på mange måtar. Men eg prøver å finne ein balanse.