Vond visdomstann stoppar Ruud

Les hele artikkelen

Casper Ruud slit med ei visdomstann og stiller ikkje opp i ATP 250-turneringa i Houston denne veka.
Nordmannen tapte finalen av Masters-turneringa Miami Open søndag. På pressekonferansen i etterkant snakka han om problema.
– Dei siste to-tre dagane har eg slite med ei visdomstann som har plaga meg ei stund, så det er vanskeleg å svelgje og få i seg nok å ete, sa Ruud.
Han ville likevel ikkje gi det skulda for at han tapte mot 18 år gamle Carlos Alcaraz. .
– Eg kjem ikkje med unnskyldningar for finaletapet, men det plagar meg ganske mykje. Det er forhåpentleg ikkje så ille, men eg håpar ikkje eg må trekkje ho, for eg har høyrt at det er vondt, sa nordmannen.