Casper Ruud slit med ei visdomstann og veit ikkje om han stiller opp i ATP 250-turneringa i Houston seinare denne veka.
Nordmannen tapte finalen av Masters-turneringa Miami Open søndag. På pressekonferansen i etterkant snakka han om problema.
– Dei siste to-tre dagane har eg slite med ei visdomstann som har plaga meg ei stund, så det er vanskeleg å svelgje og få i seg nok å ete, sa Ruud.
Han ville likevel ikkje gi det skulda for at han tapte mot 18 år gamle Carlos Alcaraz. Allereie torsdag ventar ATP 250-turneringa i Houston. Der håpar Ruud at han kan stille.
– Eg kjem ikkje med unnskyldningar for finaletapet, men det plagar meg ganske mykje. Eg treng å få sjekka det før eg tek ei avgjerd. Det er forhåpentleg ikkje så ille, men eg håpar ikkje eg må trekkje ho, for eg har høyrt at det er vondt, sa nordmannen.
– Eg veit ikkje om eg dreg eller ikkje.