VM-sjefen: – Konsentrer dykk om fotball, ikkje politikk

Les hele artikkelen

Qatars VM-sjef Nasser Al Khater meiner fleire europeiske forbund må fokusere på laga sine i staden for å krevje kompensasjon for migrantarbeidarar.
– Dette er ei idrettsturnering som folk ønskjer å kome til og nyte. Å gjere den om til ei plattform for politiske utsegn trur eg ikkje er riktig for sporten, sa Al Khater til Sky Sports.
Fleire europeiske nasjonar, inkludert Noreg, har brukt oppkøyringa til verdsmeisterskapen til å framheve bekymringar rundt forholda til migrantarbeidarar.
– Mange av dei som tar opp dette spørsmålet om arbeidarane si velferd er ikkje ekspertar. Og dei er ikkje ekspertar på det dei snakkar om, sa VM-sjefen og heldt fram:
– Eg føler at dei kjenner seg forplikta til å snakke om det. Eg trur dei verkeleg treng å lese seg opp litt meir på kva som skjer på bakken i Qatar.
UEFAs arbeidsgruppe for arbeidsrettar i Qatar heldt samtaler ved Fifas hovudkvarter i Sveits onsdag.
– Når folk kjem ut og seier: «Ja, vi er samde om at det må vere eit slags kompensasjonsfond’», så les dei berre frå et stykke papir, sa Al Khater og bad dei europeiske forbunda om no å fokusere på fotball.