VM: Laurdagskamp mot Sverige

Les hele artikkelen

Noreg får to seinkampar og møter Sverige midtvegs i hovudrunden i handball-VM. Speleprogrammet vart endeleg spikra natt til onsdag.
Noreg startar andrefasen i meisterskapen på toppen av tabellen med fire poeng. Nederland og Sverige står med tre, Romania har to medan Puerto Rico og Kasakhstan er poenglause.
Dei to beste laga sikrar seg plass i kvartfinalen.
Dette er kampprogrammet:
Torsdag: Nederland – Romania 15.30, Noreg – Puerto Rico 18.00, Kasakhstan – Sverige 20.30.
Laurdag: Romania – Puerto Rico 15.30, Kasakhstan – Nederland 18.00, Sverige – Noreg 20.30.
Tysdag: Puerto Rico – Kasakhstan 15.30, Sverige – Romania 18.00, Noreg – Nederland 20.30.