Truls Möregårdh (19) er sensasjonelt klar for VM-finalen i bordtennis. Han er useeda, og den første så lågt rangert som nokosinne har nådd finalen.
I semifinalen i nat slo han tyske Timo Boll. Tyskaren, med åtte EM-gull i beltet leia både 2-0 og 3-2, men Möregårdh slo tilbake og vann.
Også i åttedelsfinalen slo svensken tilbake etter ein dårleg start. Då snudde han 0-3 til 4-3.
Finalen i VM-turneringa i Houston i Texas går i natt. Der møter Möregårdh verdseinar Fan Zhendong frå Kina.
– Men eg er ikkje nøgd enno, seier han til SVT.