Det blei ei ellevill avslutning på finalekampen mellom Boca Juniors og Racing i argentinsk fotball. Hele ti spelarar blei utviste.
Sju av dei raude korta kom etter at Carlos Alcaraz hadde stanga inn Racings vinnarmål til 2–1 i det 118. minutt. Feiringa skjedde framfor motstandarlagets fans, og det gjorde Boca-spelarane rasande.
Det oppstod handgemeng på bana. Ein video viser korleis Alcaraz blei dratt i øret og fekk ein ball kasta etter seg.
Kampleiar Facundu Tello utviste først Alcaraz. Deretter blei det gitt raudt kort til fem Boca-spelarar og ytterlegare éin mann hos Racing.
Ein spelar på kvart lag fekk også marsjordre på overtid før ekstraomgangane. Boca Juniors blei litt seinare redusert til ni mann. Denne gangen skjedde det på grunn av to gule kort. Då kampen blei blåst av, var berre 12 av 22 spelarar igjen på banen.
Tello er plukka ut blant dommarane i fotball-VM i Qatar.
Resultatet gjorde Racing til vinnar av Trofeo de Campeones. Det er vanlegvis ein tittelkamp mellom Argentinas seriemeister og ligacupmeister. Sidan Boca Juniors er regjerande meister i begge turneringane, blei Racing finalemotstandar.