Vipers sikra kvartfinale

Les hele artikkelen

Vipers Kristiansand er sikra kvartfinalespel i meisterligaen i handball. Det blei klart etter at CSKA Moskva slo det franske storlaget Metz 27–26 søndag.
Dermed blir Vipers toar i gruppe B framfor Metz, som trong poeng i Russland for å ende framfor sørlendingane.
Vipers tok over 2.-plassen etter å ha slått gruppevinnar Györ 30–29. Dagen etter kom den nødvendige hjelpa frå CSKA Moskva. Dermed slapp den norske tittelforsvararen å gå ut i omspel.