Vipers lett til semifinale

Vipers er klar for semifinale i sluttspelet etter å ha vunne den andre kvartfinalen mot Fredrikstad med 40-29 sjølv om laget sleit innleiingsvis.
Det sigersvante laget gjekk raskt opp i ei to-målleiing. Noko overraskande hang Fredrikstad godt med. Dei beit seg fast og låg berre tre mål bak til pause med 16–19.
Laget klarte å tette igjen bakover, og kvarteret før slutt var leiinga oppe i sju mål. Til slutt drog Vipers frå, og det enda med 40-29-siger til Kristiansand-laget.
Runa Heimsjø Sand vart Fredrikstads toppskårar med åtte mål, medan Lysa Tchaptchet Defo stoppa på sju mål for Vipers.