Vålerengas målvakttalent Magnus Sjøeng (20) har vore førsteval sidan i sommar. Tysdag skreiv han under ein kontrakt som varer ut 2026-sesongen.
Sjøengs karriere har skote fart dei siste månadene. Han imponerte stort i debuten og har spelt fast sidan Kjetil Haug vart seld til fransk fotball.
– Det er utruleg moro å få denne tilliten. No kan eg senke skuldrene litt og gå ut på banen og spreie den tryggleiken til resten av laget, seier Sjøeng etter kontraktsforlenginga.
Målvakta har vore i Oslo-klubben sidan 2016. Han omtaler sesongen som «over all forventning».
– Han starta i 2. divisjon, der eg for så vidt gjorde det ganske bra. Så stakk Kjetil, og eg fekk stå kampar i Eliteserien.