Veret utset Masters-starten

Viktor Hovland skal ut ein halvtime seinare enn planlagt på sin første runde av US Masters torsdag. Han slår ut klokka 20.24, medan Tiger Woods går 17.04.
Regn og torebyer i morgontimane har ført til at den første runden blir flytta ein halvtime. Uvêr herja store delar av tysdag, og førte til at fleire av spelarane ikkje fekk gå heile treningsrunden.
Det er knytt stor spenning til kor bra Woods kan spele i si første turnering sidan noivember 2020, men han har ifølgje rapportane vore god på treningsrundane framfor turneringsstarten.
Hovland er på si side ein av dei største favorittane. Verdsfiraren slår ut klokka 20.24.
Hovland augnar den første topp 10-plasseringa si i ei majorturnering, og vil med siger klatre opp til å bli den beste golfspelaren i verda.