Verdsrekordhaldaren i slegge er død

Les hele artikkelen

Jurij Sedykh, verdsrekordhaldaren i sleggekast, døydde i dag, melder det internasjonale friidrettsforbundet. Sedykh blei 66 år gammal.
Resultatet 86,74 meter, som han oppnådde under EM i Stuttgart i 1986, er framleis gjeldande verdsrekord.
Sedykh var frå Novotsjerkassk i Russland, konkurrerte for dåverande Sovjetunionen, og hadde ei internasjonal karriere som strekte seg over 18 år. Han tok OL-gull både i 1976 og 1980, og sølv i 1988. I VM tok han gull som 36-åring i 1991, og EM vann han tre gonger.