Den greske tennisstjerna Stefanos Tsitsipas held fram med å slite i US Open. Natt til tysdag rauk han ut for kvalifiseringsspelaren Daniel Galan.
Den 26 år gamle colombianaren er rangert som den 94. beste spelaren i verda, men slo Tsitsipas 6-0, 6-1, 3-6, 7-5.
Tsitsipas har aldri teke seg forbi 3. runde i US Open.
Tapet er godt nytt for Ruud om han finn forma i New York. Tek nordmannen seg til ein kvartfinale, vil Mario Berrettini (13) vere den høgast seeda spelaren han kan møte.