Sjusjøen får ikkje produsert kunstsnø på grunn av uvanleg høg varme. Det gjer at eit planlagt oppkøyringsrenn før Ski Classics-sesongen ryk.
Det melder nettstaden langrenn.com. Langløpet på 30 kilometer skulle TV-sendast på både NRK og SVT 12. november.
– Dessverre gjer dei uvanleg varme temperaturane i Sør-Noreg at det ikkje er mogeleg å produsere kunstsnø, og dermed går det heller ikkje å få laga ei god nok løype til at vi kan arrangere rennet i år, seier Ski Classics’ daglege leder David Nilsson.
Sjusjøen-rennet har aldri før vore arrangert. Tanken med det var å gi langløpslaga, turløparar og aktive løparar ei mogelegheit til å teste utstyr, form og førebuingar.
Petter Northug var blant dei som hadde planar om å delta. Den tidlegare langrennskongen skal komande vinter satse seriøst på Ski Classics med eige lag.
Langløpstouren startar med to renn i austerrikske Bad Gastein 10.- og 11. desember.