– Var CO-forgifta før flyet krasja

Les hele artikkelen

Emiliano Sala, som omkom i ei flyulykke då han var påveg til sin nye klubb Cardiff, var forgifta av store mengder karbonmonoksid (CO) i kroppen før han døydde, viste obduksjonen.
Sala var på veg i fly frå Nantes i Frankrike til den walisiske byen då flyet styrta i den engelske kanalen i januar 2019.
Sala blei seinare funnen og obdusert. No er det sett i gang undersøking av omstenda rundt flystyrten.
Den 28 år gamle argentinske spelaren hadde skader i hovud og bryst etter styrten, skriv BBC..
Men før det hadde han fått i seg så mykje karbonmonoksid at han må ha vore medvitslaus, seier patologisten som undersøkte han. Patologen meiner det kan skuldast problem med eksossystemet i flyet.
Den 59 år gamle piloten som førte flyet, er aldri funnen.