Vanskeleg for Derby

Les hele artikkelen

Amerikanske Chris Kirchner har ombestemt seg og vil likevel ikkje kjøpe den engelske League One-klubben Derby County. Han hadde frist til sist fredag med å stadfeste kjøpet.
Dermed er framtida usikker for klubben, halvannan månad før seriestart.
Kirchner blei tidlegare i Ã¥r utpeika til «foretrekte kjøpar» av Derby, og derfor har ingen andre lagt inn bod.
Derby County var sett under administrasjon i fjor haust, og fekk totalt 21 poeng trekk siste sesong. Det førte til nedrykk frå Championship i vår.
Administratorane seier det framleis er fleire interesserte kjøparar, og har sagt til fansen, spelarane og andre tilsette at dei trur dei skal finne ein kjøpar.
Men det tek til å haste. Neste sesong startar allereie 30. juli, og terminlista skal vere klar 23. juni.
Derby er ein tradisjonsrik klubb som blei ligameister to gonger på 70-talet. Dagens manager er den tidlegare Everton- og Manchester United-stjerna Wayne Rooney.