Vålerenga slo Rosenborg 1-0 i Trondheim i toppseriekampen laurdag. Dermed er Oslo-laget berre to poeng bak Brann, som kan auke leiinga til fem poeng mot Stabæk søndag.
To serierundar står att, og dei to laga skal møtast i Bergen i siste serierunde.
Rosenborg er med dagens tap i praksis hekta av i kampen om seriemeisterskapet.
Dejana Stefanovic scora målet etter eit kvarters spel. Ho hadde også sjansen til å doble leiinga, men sette eit straffespark utanfor kvarteret før slutt.