Vålerenga hadde gått fire kampar på rad utan siger før søndagens møte med Strømsgodset. Men i haustvêret i hovudstaden var det ingen tvil om kven som skulle behalde poenga.
Vidar Örn Kjartansson, Tobias Christensen og Leonard Zuta skåra måla for Vålerenga som vann 3–0, og dermed klatra til 7.-plass i Eliteserien.
På stillinga 3–0 blei vondt til verre for Strømsgodset, då Gustav Valsvik fekk raudt kort etter ei felling av Seedy Jatta, eit kvarter før slutt.