Vålerenga og Stavanger vann

Les hele artikkelen

Framgangen til Vålerengas iskrigarar held fram. Laurdag slo serieleiarane Lillehammer med 2–1.
Mika Partanen gav Vålerenga ein flott start på Jordal Amfi etter snaue sju og eit halvt minutt.
Same mann auka til 2–0 tidleg i andre perioden. Martin Gran reduserte til 1–2, men fleire mål blei det ikkje.
Stavanger Oilers har slått tilbake etter ei svak opning. Laurdag vant dei 4–2 borte mot Storhamar. Martin Lefebvre gav gjestene 1-0, og Patrick Thoresen sette inn utlikninga.
Colton Beck gav gjestene leiinga 2–1 i midtperioden. Bryce Gervais auka til 3–1 før Jakob Berglund reduserte til 2–3.
Sander Hurrød sende Oilers opp i ein ny tomålsleiing tidleg i tredjeperioden, og fleire mål blei det ikkje. Stavanger med to mindre kampar spilt enn Vålerenga er berre fire poeng bak.
Sparta slo til med 7-3-seier over Grüner.
Manglerud Star tapte for Ringerike. Kampen gjekk til overtid, der Reid Petryk ordna 3–2 og sikra heimelaget to poeng.