Thea Bjelde sende Vålerenga i leiinga på overtid i den fyrste omgangen mot Bodø/Glimt på Aspmyra.
Ikkje lenge etter kvilen la Tvedten på til 2–0. Karina Sævik med målgivande pasning då skotet frå Tvedten gjekk via eit Glimt-bein og i ein boge over Glimt-keeper Aubrei Corder.
Monica Isaksen blei avgjerande då Brann slo Hønefoss med same siffer, men måtte byttas ut rett etter at ho hadde scora sitt andre mål. På sidelinja brast ho ut i gråt.
– Eg var sliten og hadde vondt i kroppen. Det går betre nå, sa Isaksen til TV 2 etter kampen.
Vålerenga er serieleiar med 33 poeng etter 13 kampar. Brann er poenget bak.
(©NTB)