Noreg stilte utan sine tre beste rifleskyttarar, men det blei likevel norsk verdscuptriumf i fredagens lagkonkurranse på 50 meter for kvinner i Baku.
Noreg vann på dramatisk vis. Kasakhstan leidde 15–13 og hadde «matchball» før finalen plutseleg blei snudd på hovudet.
Karina Stette og Johanna Reksten greidde begge å skyte inn 10,9. Deretter utlikna Mari Bårdseng Løvseth med 10,2. Neste duell gjekk også i norsk favør, og det avgjorde det hele til 17–15.
Trioen overraska stort allereie ved å bli nummer to i begge kvalifiseringsrundane.
– Det ekstra spesielt å ta min første verdkscupsiger berre ein månad etter at pappa gjekk bort. Han betydde mykje for meg, og det blei mykje kjensler etterpå, sa Reksten.
Toppskyttarane Jeanette Hegg Duestad, Jenny Stene og Katrine Lund prioriterer denne gangen konkurransar i Spania og trening heime.