Uvisse rundt PL-kampar i London

Les hele artikkelen

Premier League-kampar i London komande helg kan bli utsette eller «snudde». Ã…rsaka er at arrangementa rundt gravferda til dronning Elizabeth krev nesten alle politiressursar i den britiske hovudstaden.
Tottenham – Leicester laurdag, og Chelsea – Liverpool og Brentford – Arsenal søndag, er kampar som er i faresona. Men det er ikkje teke endeleg avgjerd enno.
Sist helg blei alle fotballkampane i Storbritannia avlyste på grunn av dødsfallet.
Europaligakampen mellom Arsenal og PSV torsdag er allereie avlyst.
Meisterligakampen mellom Chelsea og Salzburg onsdag går derimot som planlagt. I Skottland er meisterligakampen mellom Rangers og Napoli flytta frå tysdag til onsdag.
I dei lågare divisjonane skal kampane gå som planlagt. Alle divisjonane i den engelske ligaen (EFL) går etter planen.
Der er det også full runde tysdag og onsdag, og der skal dronninga minnast med eit minutts stille, nasjonalsongen, og flagg på halv stang i alle kampane.