Kvinnenes sesongopning i utfor i Sveits 5. og 6. november blir avlyst grunna manglande snø, opplyser Det internasjonale Skiforbundet (FIS).
«På grunn av dei uendra vertilhøva dei siste dagane og det framleis ugunstige vêrvarselet, blir kvinnenes utfor i Zermatt-Cervinia 5.–6. november 2022», skriv FIS i ei pressemelding.
Førre veke blei også mennene sitt utforrenn avlyst. Ingen av dei fire utforrennea vil bli erstatta på verdscupkalenderen.
Dermed vil super-G- og utforrenna i canadiske Lake Louise 2.–4. desember bli fartsjentenes første renn denne sesongen.
Sesongopninga i Sölden førre helg blei heller ikkje noko av for dei kvinnelege alpinistane. Mennene fekk derimot gjennomført sitt storslalåmrenn, der Henrik Kristoffersen blei beste nordmann på 3.-plass.
Det norske fartslaget på kvinnesida består av Ragnhild Mowinckel, Kajsa Vickhoff Lie og Inni Wembstad.