Noregs herrelag tapte 2–0 i sett mot Kroatia i kvartfinalen i strandhandball-VM i greske Heraklon. Dermed kan de bli best nummer fem i meisterskapen.
Det skjer berre dersom de slår Qatar seinare laurdag og deretter slår vinnaren av laurdagens kamp mellom Uruguay og Spania på søndag.
Kampen mot Kroatia starta jamt, og laga gjekk til kvilen på stillinga 24–22 favør kroatane. I andre sett blei det tøft for Noreg, som tapte med settsifrene 28–20.
Kroatia møter vertsnasjonen i semifinalen. I den andre semifinalen møtes storfavoritt Brasil og Danmark.
De norske strandhåndballherrane deltar for første gang i strandhandball-VM. I 2019 blei det sølv i EM etter finaletap mot Danmark.