Den kontroversielle ligaen LIV Golf skal omfatte 14 turneringar neste år, mot åtte i oppstartssesongen i år. Det kunngjorde ligaen onsdag.
Samstundes aukar premiepotten frå 255 til 405 millionar dollar (ca. 2,5 til 4 milliardar kroner).
Datoane for neste års turneringar er ikkje fastsette. Ligaleiinga seier dei vil sjå det an for å gi spelarane størst mogeleg val i kvar dei vil delta.
Førebels er LIV-spelarane utestengde frå PGA-touren og den Europa-baserte DP-touren. Derimot er dei velkomne til Asia-touren, slik at dei til saman får 25 mogelege turneringar neste år, melder LIV Golf.
LIV Golf er finansiert av det statlege investeringsfondet i Saudi-Arabia, og blir skulda for å vere sportsvasking i stor stil.
LIV har allereie lokka fleire kjende namn over frå PGA-touren.
Dustin Johnson, Phil Mickelson, Byrom DeChambeau og Brooks Koepka er blant dei som har gått over til LIV, og skal ha fått overgangssummar for opptil ein milliard kroner for å signere.