Utan sponsor ei veke før sesongstart

Les hele artikkelen

Det norske brettforbundet er på desperat jakt etter sponsorar og tyr til originale grep for å forbetre den vanskelege situasjonen.
«Brettforbundet søker partnere som er opptatt av bærekraft, likestilling og synlighet. Tips som fører til avtale belønnes med 4 % av avtalesum inntil 100.000 kr», skriv forbundet på nettsida si.
Trass i å ha utøvarar i ypparste verdsklasse står Brettforbundet utan éin einaste sponsor éi veke før sesongstarten.
Sponsortørken har ført til at treningsopphald og reiser blir finansiert ved hjelp av «ekstra midlar» og eigendelane til løparane.
– Dei må betale litt høgare eigendelar, til reiseutgifter og slikt. Vi klarer det i år. Men det er ikkje berekraftig over tid, sa Grimsrud.
Verdscupen kickstartar i sveitsiske Chur. Der er Bendik Gjerdalen, Stian Kleivdal, Øyvind Kirkhus og Bettina Roll teke ut til Big Air-konkurransen.
Dei beste norske står over sesongpremieren og ventar til verdscuprenna i canadiske Edmonton i byrjinga av desember.