Aliakbar Hossein Yousofiahmadchali hysja på publikum etter at han sikra sigeren i kvartfinalen mot Oskar Marvik, og følgde opp med eit teikn over halsen.
Det falt ikkje i god jord hjå trenar Fritz Aanes, og publikum reagerte kraftig.
– Det er slikt som ikkje skal skje i idretten, men eg tenkjer at det er ein gut som er full av adrenalin, som eigentleg ikkje meiner noko ved det. Han gjer ein dum ting. Det er litt dårleg timing og litt dårleg oppførsel, men det er greitt, seier Aanes.
Aanes gjekk bort til iranaren etter kampslutt, og sa til han at den oppførselen ikkje var grei.
– Då unnskylda han seg, og då er det OK, seier Aanes vidare.
No håpar Marvik og Aanes at iranaren går vidare til finalen, slik at Marvik kan ta seg vidare gjennom rekvalifisering. Dersom det blir tilfelle, har bryteekspert Mats Ravnanger Rolfsen trua på at Marvik kan ta seg til bronsefinalen.
– Han kan møte Acosta frå Chile der, og då er det gode sjansar for det, seier Rolfsen.