Martin Dubravka (33) blir henta til Manchester United på lån frå Newcastle. Slovenaren kjem for å utfordre David de Gea om rolla som førstemålvakt i klubben.
Han blir den sjette United-signeringa etter at Erik ten Hag i sommar tok over som manager.
Dubravka har spelt 125 kampar i Premier League og står med 29 landskampar for Slovenia.
– For meg er det ein spesiell augneblink i karrieren å kome til Manchester United. Eg kan ikkje vente med å kome i gang og hjelpe denne spelargruppa til å oppnå ambisjonane sine, seier målvakta i ei fråsegn.
Han har vore i engelsk fotball sidan overgangen til Newcastle i 2018. Opphaldet i United varer i første omgang ut sesongen. Klubben har ein opsjon til å sikre seg Dubravka permanent.