Union Berlin tok tabelltoppen tilbake frå Bayern München med 2-1 over Borussia Mönchengladbach søndag.
Men dei måtte vente lenge. Først sju minutt på overtid sette Danilho Doekhi inn sigersmålet.
Like før trudde Union at dei hadde scora vinnarmålet etter målgjevande frå norske Julian Ryerson. Men VAR oppdaga ein offside rett før. Ryerson fekk i staden gult kort på overtid.
Nico Elvedi sende gjestene i leiinga etter ein halv tiome, men Kevin Behrens utlikna eit kvarter før slutt.
Union har vore sesongens store overrasking og leia Bundesligaen det meste av sesongen. To rundar står att før VM-pausen som varer til januar.
Det kan derfor bli ekstra trøkk på julesongen på Stadion an der Alten Försterei i år.