Ulrikke Eikeri og belgiske Joran Vliegen slo den fjerdeseedede duoen Neal Skupski/Desirae Krawczyk og er klar for semifinale i Roland-Garros-turneringa.
Det norskbelgiske paret vant i strake sett med sifrene 2-6, 6-6 (7-4), 10-8 i avgjørande tiebreak.
Skupski (Storbritannia) og Krawczyk (USA) var sett på som ein av dei største seierskandidatene i Paris og er seedet som nummer fire.
Eikeri og Vliegen tok seg vidare frå første runde etter å ha slått den kasakhstanske duoen Anna Danilina og Andrej Golubev. Dei var sjetteseedede i turneringa.
Etter 2-6-tap i det første settet i måndagens kvartfinale vart det andre settet mkje jamnare. Til slutt sto det 6-6, og det måtte avgjerast i tiebreak som den norskbelgiske duoen vann 7-4.
Etter som at begge lag vann kvar sitt sett, måtte også sjlve kampen avgjerast i tiebreak. I double spelast det berre to sett, og om det då er likt, skal det avgjerast i eit eiget tiebreak.
Der var Eikeri og Vliegen best og avgjorde ein spanande kamp med 10-8-siger.
I semifinalen ventar amerikanske Nicole Melichar-Martinez og tyske Kevin Krawietz.