Fotballforbundet reknar med at alle 10.000 billettar til VM-kvalkampen mot Gibraltar forsvinn.
Etter at berre 7000 tilskodarar kom inn på Nederland-kampen, vart det opna for eit makstal på 10.000 til Gibraltar-oppgjeret tysdag.
– Det er 50 plassar igjen. Dei går nok ganske fort, opplyser billettansvarlege Merete Prestkvern i Norges Fotballforbund til NTB måndag morgon.
Seinare i haust skal Noreg spele borte mot Nederland og Tyrkia og heime mot Latvia og Montenegro.