Ukrainsk fotballsesong avlyst

Les hele artikkelen

Dei 16 klubbane i den ukrainske toppserien i fotball for menn er samde om å avslutte sesongen.
Det opplyste den ukrainske ligaen seint tysdag kveld.
Krigshandlinane i landet gjer det umogeleg å spele kampane som gjenstår av sesongen. Ingen meister blir kåra.
Då Russland invaderte Ukraina 24. februar, blei ligaen sett på pause. Sjakhtar Donetsk toppa tabellen med 47 poeng etter 18 kamper. Dynamo Kiev følgde nærmast med to poeng mindre.
Sidan har kampaktiviteten ikjke blitt gjenopptatt.
Sjakhtar og Zorya Luhansk, som kjem fra det austlege Ukraina der konfliktnivået har vore høgt i lang tid, har ikkje trent eller spelt kampar på heimmebane på fleire år.