Noreg held seg på 36.-plass på den oppdaterte versjonen av Fifa-rankinga for menn. Brasil tronar framleis øvst.
Torsdag vart Fifa-rankinga oppdatert etter to månader med lite landslagsfotball. Dermed var det få endringar.
Noreg klatra fem plassar på rankinga i juni etter gode resultat i nasjonsligaen og held fram på plassen. I september tek Noreg fatt på nye kampar i nasjonsligaen mot Slovenia og Serbia. Førstnemnde ligg på 65.-plass, medan Serbia ligg på 25.-plass.
Brasil har lege øvst i to månader etter at dei gjekk forbi Belgia i juni.
Fifa-rankinga avgjer korleis seedinga blir når kvalikgruppene til VM 2026 skal trekkjast i juli 2023. Noreg ligg no an til å bli andreseeda, sidan det er dei ti beste europeiske landa som blir førsteseeda. Noreg er det 20. beste europeiske landslaget.