Uefa vil ha uavhengig gransking

Les hele artikkelen

Det europeiske fotballforbundet vil ha ei uavhengig gransking av finalebråket i meisterligaen.
Uefa skriv på sine nettsider at dei vil ha ein full gjennomgang som skal ta for seg avgjerdene som vart tatt, ansvar og oppførselen til alle involverte partar.
Portugisaren Tiago Brandão Rodrigues har fått i oppdrag med å leie arbeidet. Han er medlem av det portugisiske parlamentet og har vore utdanningsminister i heimlandet. I tillegg er han tidlegare medlem av Det internationale antidopingbyrået.
Trengsel, lange køar og kaos utanfor stadion i Paris gjorde at finalen mellom Liverpool og Real Madrid vart utsett i over ein halvtime laurdag.
Måndag bad Frankrike sin idrettsminister Amelie Oudea-Castera om årsaking til dei 2700 tilskodarane med billettar som aldri fekk sett kampen.