UEFA-nei til VM annakvart år

Les hele artikkelen

Både UEFA og dei store ligaene kjem til å gå sterkt imot FIFAs forslag om fotball-VM annakvart år. Det opplyser kjelder i europeisk fotball til nyheitsbyrået Reuters.
FIFAs utviklingsdirektør, tidlegare Arsenal-manager Arsene Wenger, går inn for annakvart år. Det er opprinneleg eit forslag frå Saudi-Arabia, og i mai sa eit klart fleirtal på FIFA-kongressen ja til å jobbe vidare med planene.
Men fredag skreiv UEFA-president Aleksander Ceferin at dette vil ha ein stor og negativ innverknad på heile organiseringa av fotball, og at han ikkje minst er uroleg for kva det vil ha å seie for kvinnefotballen.
For forslaget går ut på at i dei mellomliggande åra skal det arrangerast regionale meisterskap, som EM og Copa America.
Det vil innebere at meistaerskapa for kvinner ikkje får «eigne» år for sine meisterskap, men må konkurrere med meisterskapa for menn.
– UEFA og våre medlemsorganisasjonar har store innvendingar go er bekymra for rapporteane vi høyrer om FIFAs planer, seier Ceferin.