UEFA ber om orsaking

Les hele artikkelen

UEFA har bedt tilhengarane til Liverpool og Real Madrid for behandlinga dei fekk før, under og etter meisterligafinalen i Paris laurdag, om orsaking.
– Uefa vil gjerne gi ei oppriktig unnskyldning til fans som opplevde eller blei vitne til dei uhyggelege og urovekkande hendingane i opptakten til meisterliga-finalen pÃ¥ Stade de France 28. mai. Det skulle ha vore ein kveld som feira europeisk klubbfotball, skriv forbundet.
Fansen, spesielt frå Liverpool, klaga over dårleg oppførsel frå politiet, mangel på organisering og sterke forseinkingar for å kome inn.
Mange med billett kom ikkje inn i det heile, og politet brukte tåregass mot folkemengda som hopa seg opp utanfor porten.
– Ingen fotballtilhengar skal kome i ein slik situasjon, og det skal ikkje skje igjen, heiter det i meldinga frÃ¥ UEFA.
I tillegg til orsakinga overfor publikum, lovar UEFA å gjere ei uavhengig gransking av det som skjedde.