Alexander Sørloth fekk starte i sin første kamp tilbake i Real Sociedad, etter at han returnerte til klubben på lån denne veka.
Men i møte med Atletico Madrid fekk nordmannen vanskelege arbeidsforhold i returen, og gjekk mållaus av bana etter å ha blitt bytta ut ved pause.
Før pause hadde Alvaro Morata sendt Madrid-laget i føringa. Utlikninga var signert Umar Sadiq, som sørga for at begge laga tok med seg eitt poeng i laurdagens La Liga oppgjer.