U21-laget vann og toppar

Les hele artikkelen

Norges U21-landslag slo Aserbajdsjan 2-1 og tok leiinga i gruppa i EM-kvalifiseringa.
Johan Hove scora etter berre tre minutt, og Osam Sahraoui dobla etter 58. Aserbajdsjan reduserte etter 79 minutt, men Norge heldt unna, og tok sin femte siger på seks kampar.
Norge leier gruppa på målskilnad framfor Kroatia, men har spela ein kamp meir. Kroatia spelar borte mot Austerrike seinare i kveld.
Gruppevinnarane og den beste toaren går direkte til EM i Georgia og Romania i 2023. Dei andre gruppetoarane går til vidare kvalifisering.
Norges neste kamp er borte mot Austerrike i mars. Kroatia (h), Finland (b) og Aserbajdsjan (h) avsluttar kvalifiseringa i juni.