U20-VM: Jæger til finale med aldersrekord

Les hele artikkelen

Henriette Jæger er klar for finale på 400 meter i U20-VM i friidrett etter å ha sprunge inn til tredjeplass i sin semifinale med 52,33. Ho gjekk vidare på tid.
Tida er norsk aldersrekord. Hennar tidlegare personlege rekord var 52,52.
Dei to beste i kvart av semifinaleheata og dei to beste tidne elles er klare for torsdagens finale. Jæger var raskast av løparane som ikkje greidde å sikre automatisk finaleplass.
Beste tid i semifinalen hadde britiske Yemi Mary John med 51,72 i det første heatet.
Semifinalane blei to timar forseinka på grunn av eit torever som stoppa konkurransane på stadion i Cali.