Tysklands fotballherrar måtte avlyse fellestreninga si tysdag fordi ein spelar har testa positivt for koronavirus.
Identiteten til den smitta spelaren er ikkje kjend. Lagkameratane hans fekk beskjed om å trene individuelt tysdag.
Det tyske laget er samla i Wolfsburg framfor VM-kvalifiseringskampar mot Liechtenstein (h, torsdag) og Armenia (b, søndag). Tyskland er allereie klar for Qatar-VM som gruppevinnar.