Tyrkisk toppspelar omkom i ulykke

Les hele artikkelen

Den tyrkiske midtstopparen og Konyaspor-spelaren Ahmet Yilmaz Calik omkom tysdag i ei trafikkulykke, 27 år gammal.
Det opplyser klubben hans på Twitter.
– Vi er i djup sorg over å ha mista spelaren vår, Ahmet Calik, som blei elska av klubben og byen vår sidan dagen han kom til klubben. Kondolansar til oss alle, og særleg til Ahmets familie, skriv Konyaspor.
Ifølge nyheitsbyrået DPA døydde Calik då bilen hans rulla rundt medan han var på veg frå hovudstaden Ankara til Nigde.
Midtstopparen har tidlegare spela for Galatasaray og Genclerbirligi, og han har mellom anna vore lagkamerat med Omar Elabdellaoui og Martin Linnes.
Calik spela åtte landskampar for Tyrkia i perioden 2015 til 2017.